Like over klokka 03.00 fekk politiet melding om brannen i hytta på Frette i Etne. Då dei rykka ut til staden, var den omlag 50 kvadratmeter store hytta totalskadd.
Det var ei utleigehytte, og ingen var der då ho brann. Det hadde ikkje vore menneske i hytta på fleire veker.
Brannårsaka er førebels ukjend.