Jubel for ny skule

Kari Aakra Rektor Kallevik våga ikkje å tru på at fylkeskommunen ville gå inn med […]

Kari Aakra

Rektor Kallevik våga ikkje å tru på at fylkeskommunen ville gå inn med kjøp i staden for leige av skulen. Ho har følgd budsjettforhandlingar i fylket før, og veit det var sprengfullt fram til 2012. Jubelen sto difor i taket då eit samrøystes fylkesting på onsdag gjekk inn for å spytta i 42,5 millionar kroner for sin del av Skakkesenteret. Med dette vedtaket meiner ho fylket viser sin fulle tillit til at utkantkommunen kan halda ein levedyktig skule.
— Klassar ved fleire vidaregåande skular rundt oss blir lagt ned, medan det her i Etne verkar å vera omvendt. Med dette vedtaket har fylkeskommunen klappa oss på skuldra og verkeleg vist at dei ønskjer å satsa på oss, seier ein stornøgd rektor.

Vanskeleg drift
Både administrasjonen og dei 70 elevane har hatt tungvinte fasilitetar og spreidde areal på fire ulike lokalitetar i Etne. Til hausten blir det fem, då påbyggsklassen skal flytta inn i den tidlegare blomsterforretninga på vestsida av Coop Prix i Etne sentrum. På dei nye 1.454 kvadratmetrane i Skakkesenteret, vil det vera plass til hundre elevar. Og dersom skulen i Etne skal halda fram er han avhengig av høgare elevtal enn dette, meiner Kallevik.
— Det er vanskeleg å driva ein levedyktig skule med 70 skular. Både elevar og lærarar treng eit større fagmiljø, fleire å spela ball med og bryna seg på. Fleire elevar er det første målet me har, men dette skal vera elevar som vel å gå i Etne, ikkje som blir plassert der, seier Kallevik.

Idrettslinje?
I dag har skulen medie- og kommunikasjonsfag, kunst- og handverksfag, og TIP (Teknikk og Industriell produksjon), samt allmenn påbygg. Fleire populære studieløp krev i dag at ungdom må reisa ut frå Vindafjord og Etne for å gå på skule. Kallevik meiner ei idrettslinje peikar seg ut som eit høgt ønska tilbod for både skulen og ungdommane i distriktet.
— Nå har me tilsett lærarar med høg kompetane innan sport og som tidlegare har bidratt til oppbygging av idrettslinjer ved vidaregåande skular. Vidare ser me på kva type idrettsfag me kan tilby særskilt i Etne, fortel Kallevik.
Med  Etne sin geografi og natur meiner ho det vil vera naturleg å utnytta natur- og friluftslivet i kommunen.
Men også andre linjer ved skulen vil med nytt Skakkesenter stadig få utvikla seg.
— Eg gjer meg også tankar om at absolutt heile skulen skal samlast under eitt, og eg har nær kontakt med næringslivet om kva utvillingsmoglegheiter som finnest med faga som i dag er på Tesdal.

Gullkanta
Fylket sette som vilkår for kjøpet ein gjenkjøpsavtale der Etne kommune må binda seg til å kjøpa tilbake fylkesdelen tidlegast om seks år, dersom fylket ønskjer dette. Kommunen har uttrykt noko skepsis til ein avtale som kan iverksetjast så tidleg som etter ein seksårsperiode. Likevel meiner Kallevik at kjøpsavtalen i Skakkesenteret er gullkanta og vil sikra skulen ein lang periode å utvida elevgrunnlaget sitt på.
— Seks år er lenge, og det er ingen andre vidaregåande skular som blir garanterte drift i seks år, og som har så marginale rammer som me har nå. Me har til nå jobba hardt for å visa oss fram som ein skule med konkurransedyktige tilbod. Søkjartalet til allmenn påbygg har auka med over hundre prosent. Stadig får me telefonar frå elevar som ønskjer overflytting frå andre skular. På same tid møter me ofte folk som aldri har høyrt at det finnest ei medielinje i Etne, seier Kallevik.

God tru
Enno har ikkje kommunestyret i Etne tatt endeleg stilling til Skakkesenteret. Dette vil truleg bli avgjort på eit ekstraordinært møte i sommar. Kallevik har tillit til at det går Skakkevegen også hjå dei folkevalde lokalt.
— Eg trur politikarane vil gjera det dei kan for å bevara skulen i kommunen og er ikkje nervøs for vedtaket her, seier rektor Kallevik.