Klar for hopp

Ei kvinne skal skriva strikkhopphistorie i Etne på søndag. Lenge visste ho det ikkje sjølv, […]

Ei kvinne skal skriva strikkhopphistorie i Etne på søndag. Lenge visste ho det ikkje sjølv, men nå veit ho kva som skal skje, og er dermed førebudd på å bli den første som hoppar i strikk ut frå Trolljuv bru.

Publikumsspenning

Stressnivået var på topp då Grannar snakka med Petter Kvalsvik dagen før dagen. Søndag kl. 11.00 hoppar han og førti andre i strikk frå Trolljuv bru.
— Prøvehoppinga var utselt for lenge sidan, og i morgon blir det fullt opp med førti hopparar, seier Kvalsvik på veg til aller siste arbeid ved brua før han hoppar i det.

— Det tekniske har eg full kontroll på, men det er publikumsmengda eg er spent på! Me veit jo ikkje om det kjem ti eller 200. Men eg håpar også folk vil setja seg i båten å følgja med på hoppa frå sjøen, der er det gjerne den beste tilskodarplassen,  seier Kvalsvik. 

Båt og buss

Og publikummarar kan få oppleva hoppa både frå land og sjø. Dagleg leiar Liv-Kari Bødtker i Åkrafjorden Oppleving seier det vil bli avgang med både båt og buss frå Åkrafjordtunet for skodelystne.

— Me kjem til å setja opp båtar og bussar som følgjer hoppar-puljene. Det vil hoppa ti personar om gongen, og då vil me frakta publikummarar inn under brua med båt, og til brua for dei som vil sjå det derifrå. Dette vil vera litt vanskeleg å planleggja i forhold til oppmøtet, men det vil bli avgang omlag ein halv time før hoppinga tek til, seier Bødtker