Lite fangst etter fiskeopning

Kari Aakra Etter første fiskedøger i Etneelva er det registrert omlag tretten fisk. Fiskeopninga 2009 […]

Kari Aakra

Etter første fiskedøger i Etneelva er det registrert omlag tretten fisk. Fiskeopninga 2009 er difor av dei dårlegaste dei siste åra. I fjor var det i same tidsrom fanga 26 fisk. i 2007 låg talet kring 50 i følgfje tal frå Etne Laks.  Ein må tilbake til 2003 og 2004 for då første døger resulterte i 17 og 13 fisk, for å nærma seg årets fisketal første døger.

Til gjengjeld er det ingenting å seia på storleiken som held seg normalt dette året. Gjennomsnittet ligg nærare sju kilo. Den største fangsten til nå i år vog 9,3 kilo, og gjekk på Ove Lyssand sin krok i sone 21.

Etterspurnaden etter fiskedøger i Etneelva var i år på topp, og ein noko laper opning på sesongen er ingen grunn til å sjå mørkt på det vidare.
— Opningsdøgeret er på ingen måte noko barometer for korleis fisket vil bli resten av sesongen. Svingingane er store, mykje kan skje, og eg vil nok tru at opninga på fisket i Etne har vore brukbart i år,  meiner Ole Kirkemo, redaktør i Jakt og Fiske, som for første gong er på plass i Etneelva som fiskar.

Steinar Grindheim i Etne Laks meiner den verkelege spenninga framleis er ventande.
— Skepsisen i år er vel mest knytt til perioden lengre ut i sesongen. Det er først når smålaksen kjem oppover elvane at det blir spanande, seier Grindheim.

I fjor var det svært dårleg med smålaksen i Etneelva, og bekymringane for utviklinga dette året har prega innspurten til sesongen.