I strålande sommarvèr stilte førti hopparar klare til å ta svevet frå klokka 11.00 søndag føremiddag, på ei yldrande Trolljuv bru med skodelystne og noko nervøse publikummarar. Strikkhopparrangørane Petter Kvalvik og Lars Moltzau kunne etter mykje uvisse endeleg la hoppentusiastar ta i juvet i bruk, og måtte skryta av hoppiveren hjå dei oppmøtte.
— Deltakarane har tatt hoppa over all forventning. Me er i grunnen overraska over kor fort dei kasta seg ut i det i dag. Men så skal det også seiast at rampen innbyr ikkje akkurat til at nokon vil bli ståande der så lenge, innrømmer Kvalsvik.
Tunnelsyn
Bestillingslistene for dei førti første prøvehoppa var fulle for lenge sidan, og det var Gerd Toril Lindevik frå Etne som fekk æra av å ta det aller første hoppet.
Trolljuv bru er den andre brua i landet som nå tilbyr strikkhopp, og arrangørane meiner Trolljuv byr på eit større adrenalinkick enn andre stader.
— På større bruer får ein kjensla av å hoppa i fallskjer. Her i Trolljuv derimot, er det så trongt nedover at hopparane får tunnelsyn på vegen ned. Likevel har me svært gode marginar, men med ei slik kjensle er det ekstra bra like før ein kjenner strikken strama, meiner hoppveteranane.
Hopparane klatra velvillig opp på rampen med beltet godt stramma på kryss og tvers rundt overkroppen. Så tok dei det store steget; nokon var litt forsiktige i hoppet, andre stupte idet med kunstnarisk finesse. Etter fritt fall hallvegs mot botnen i Trolljuv, stramma strikken til, og etter kraftige dabb innunder brua blei hopparane dregne på land. Alt hopputstyr på Trolljuv er nytt, og kvar kveld blir det heile tatt ned grunna verneomsynet, for så å bli skrudd på plass att for neste gruppe.
Publikumsmagnet
Like spente som hopparane var også publikum. Omlag femti menneske møtte opp på brua for å få med seg dei første sveva, medan fleire båtar i fjorden like under fekk med seg hoppa frå sjøoverflata, 115 meter nedanfor. Både hoppartalet og publikumsframmøtet tydde på stort magnetpotensiale i arrangementet. Dagleg leiar i Åkrafjorden Oppleving, Liv Kari Bødtker meiner dette er det største trekkplasteret dei kunne fått i år.
— Eg har heile tida vore overtydd om at dette ville dra folk. Strikkhoppinga vil nok også utvida målgruppene våre. Gjerne me vil få eit litt yngre publikum med dette, og kanskje vil dei meir modne turistane prøva seg på noko heilt nytt med strikken rundt livet, seier Bødtker.