Roleg start i Vikedal

Jon Edvardsen Han har gitt frå seg garden til sonen Morten Gjerde, men Ola Gjerde […]

Jon Edvardsen

Han har gitt frå seg garden til sonen Morten Gjerde, men Ola Gjerde er like engasjert som før i laksefisket sitt ve og vel i Vikedalselva.
— Vi har hatt eit dårleg fiske dei to siste åra, så dette var ein uventa fin start med flott fisk, seier Ola Gjerde.
I sesongen i fjor vart det landa 15 laksar på Gjerde si strekning, og tre fiskar dei første timane i år lovar godt dersom laksefisket var enkelt matematikk.

Roleg start
Det var også ein god start litt lenger nede i sona til Halvard Roaldkvam der det vart landa seks laksar den første dagen. Også det var fine fiskar mellom tre og sju kilo.
— Det var ein god start på fisket og betre enn i fjor, seier Halvard Roaldkvam.
I osen hos Grimaas var det derimot labert, og ingen laksar kom på land i den spede starten. Hølen til Berge Kjell Opsal pleier å vere blant dei beste, men der var det ein heller roleg start og det var tatt ein laks på seks kilo det første døgnet.
— Det er sett mykje fisk på elva, men her hos oss må ein seie det var ein roleg start, seier Opsal.