Sambafotballens nye elev

Åse Hjelmervik I slutten av august set den unge skåneviksbuen seg på flyet til for […]

Åse Hjelmervik

I slutten av august set den unge skåneviksbuen seg på flyet til for eit ni månaders langt gjesteopphald i den tradisjonsrike eliteserieklubben Santiago Wanders. Julio Andres Nunez, hans chilenske trenar som kom til Skånevik for tre år sidan, såg snart at den engasjerte guten hadde talent og lidenskap for fotball
— Eg sa til han at om utviklinga gjekk rett veg, ville eg prøva å ordna eit treningsopphald i  Chile, seier Nunez til Grannar.

Utradisjonell
I Skånevik blei Julio Andres Nunez snart trenar til det som nå er G16 år. Gutespelarane er nøgde med trenaren sin, og fortel at dei har fått både søramerikansk stil og kultur på laget. Ikkje utan grunn vert han kalla ein utradisjonell trenar.
— Mange av spelarane har vore på salsakurs. Eg har lagt vekt på lidenskap, følelse og engasjement, i tillegg til ein del søramerikansk teknikk. Eg speler saman med dei, og viser dei korleis det skal gjerast, i staden for berre å stå på sidelinja, fortel chilenaren som har stor fokus på talentutvikling.
— Men kva tenkte unge Leo då trenaren alt for tre år sidan prata om treningsopphald i Chile?

Elskar fotball
— Eg vart ganske sjokka og lurte jo på om han tulla ja. Men då eg forstod at han meinte alvor, vart eg sjølvsagt interessert med ein gong, svarer Leo, og legg til at fotball alltid har vore ein lidenskap.
Når Leo var positiv, måtte neste ledd inn i bildet, og Leo sine foreldre var med.
— Me har stor tiltru til Julio, så me sa oss positive til prosjektet hans. Fotball er livet for Leo, og dette er jo ein sjanse han får ein gong i livet, den må han berre få lov til å ta, seier mamma Siv Markhus og kikkar bort på eldsteguten sin.

Unikt treningsopphald
Julio tok kontakt med ein slektning i styret til den chilenske toppklubben Santiago Wanderers, for å fortelje om Skånevik og Leo. Saman med fleire andre i Julio sin familie vart dei svært interesserte, og ville ha Leo på besøk når han var klar.
Nå er alt ordna, og 25. august set Leo Andre Markhus seg på flyet til Chile, saman med mamma Siv og trenar Julio. Her skal dei til den chilenske hamnebyen Valparaiso, der dei skal bu hos mora til Julio. I tillegg til familien til Julio, venter og den chilenske klubben Santiago Wanderers spent på 16-åringen frå Skånevik i Noreg.
Han skal først gjennom ein medisinsk test, før han vert introdusert for laget, og skal få vise sine fotballeigenskapar. Den unike avtalen er at Leo skal vere på eit treningsopphald i klubben fram til 3. mai til neste år, men trenar Julio vonar at 16-åringen får vere der i eitt heilt år. Sjølv reiser han og mamma Siv attende til Noreg etter eit par veker.
Hovudpersonen sjølv er spent, men trur sjølv språket vert den største utfordringa.

Proffdraum
— Eg føler meg i god fysisk form, men chilenarane har jo eit stort forsprang innan teknikk, så det gler eg meg sjukt til å lære. Språket vert det verre med, det kan bli vanskeleg, i alle fall i byrjinga, seier Leo, som legg til at han uansett gler seg til å lære seg spansk.
Målet til 16-åringen er å bli ein betre fotballspelar. Han er blitt veldig fasinert av søramerikansk fotball, og har veldig lyst å lære å spele fotball slik dei gjer i Chile, og håper på eit tilbod vidare. Draumen er å bli å bli proff.

Ynskjer fast samarbeid
Julio Andres Nunez vonar at den chilenske klubben skal få lyst til å sjå på fleire ungdommar frå distriktet, og kanskje til og med skape eit samarbeid med Skånevik IL.
— Til det treng me ei «prøvekanin», seier han og flirer mot Leo. Mamma Siv gler seg til å vere med sonen til Chile.
— Me er utrulig takksame for at me, og ikkje minst Leo, får bu hjå familien til Julio, dei har verkeleg stilt opp. Eg er veldig glad for at eg får vere med å sjå kor han skal vere, elles hadde eg nok blitt galen her heime, ler ho.
— Kva med jentene der borte, alle veit jo at søramerikanske damer er flotte?
— Tar det seinare, fotballen kjem i første rekke, gliser ein spent  og lukkeleg Leo Andre Markhus.