Nortura sende i går ut ei pressemelding om at alle dei ti fabrikkane i Sør-Noreg som driv med slakting og skjering, skal spesialisere og effektivisere, og at det kan bli aktuelt å avvikle linjer. Men nedlegging er ikkje vurdert som aktuelt for desse fabrikkane.
— Vi veit det skal vurderast endringar for desse fabrikkane, men vi veit ikkje noko om kva som konkret skal skje, seier Rune Lundal, tillitsvald på fabrikken i Sandeid.
Den mest drastiske konklusjonen kom for fabrikkane i Haugesund, Sortland og Ålesund der all aktivitet blir vurdert flytta til andre anlegg i Nortura. I alt 240 medarbeidarar kan bli berørte. Det same gjeld delar fjørfeforedling, som blir vurdert flytta frå Nortura Hå til Nortura Hærland, og involverer 25 medarbeidarar.
Det blir også utrygt for dei som arbeider med administrasjon i Nortura når målet er å kutte 300 av 820 årsverk i denne delen av selskapet.