Sender brev til Stoltenberg

Anita Haugaland — Bading er det kjekkaste eg veit å gjere på skulen, seier førsteklassingen […]

Anita Haugaland

— Bading er det kjekkaste eg veit å gjere på skulen, seier førsteklassingen Magnus Øglen ved Ølen skule.
Han tykkjer det er svært dumt at politikarane i Vindafjord kommune ikkje har sett av midlar til å drive symjehallen vidare. For nokre veker sidan spurte han lærarane på skulen om ikkje klassen kunne skriva eit brev til Jens Stoltenberg.
— Då me gløymde det ut, var Magnus i oss fleire gonger for å få unna dette brevet, seier lærar Bjørg Østvold.

Eigenprodusert
Elevane har saman forfatta brevet på tavla, og i og med at det blei mykje tekst, er det fleire som har skrive teksten inn i brevet. Statsministeren får brevet med deira eiga handskrift, og dette skriv førsteklassingane:
«Kjære Jens Stoltenberg. Me er i 1. klasse på Ølen skule i Vindafjord kommune, Rogaland. Me likar godt å bada i bassenget på skulen vår. Dei som styrer i kommunen vår vil støypa igjen bassenget for å spara pengar. Dette synest me er dumt, for me vil læra å symja. Kan du hjelpa oss slik at me kan behalda bassenget vårt?
Helsing 1. klasse.»

Håpar
— Eg håpar Jens opnar bassenget att, for det er ikkje alle som kan symje skikkeleg enda, seier Øglen.
Sjuåringen meiner det er viktig å kunne symja når han for eksempel skal bada i sjøen om sommaren.