Sommarferie på topp

KampfaktaSveio – Etne  1-4 (1-0)Sveio stadion, fredag5. divisjon herrar25. min. 1-030. min. 1-1 Ove Straumsøy55. […]

Kampfakta
Sveio – Etne  1-4 (1-0)
Sveio stadion, fredag
5. divisjon herrar
25. min. 1-0
30. min. 1-1 Ove Straumsøy
55. min. 1-2 Ove Straumsøy
80. min. 1-3 Ove Straumsøy
85. min. 1-4 Ove Straumsøy
Gule kort: Sveio (1), og Johannes Eide, Etne
Dommar: Erlend Dalaker

Det var tre viktige poeng for Etne etter nokre rufsete kampar i innspurten av vårsesongen. Med så solid avslutning, kan laget ta ferie på toppen av tabellen og med heva brystkasse.
Men det er jamt i toppen med berre eitt poeng ned til Sauda og to til Skudenes. Det er no ei luke ned til Skjoldar/Vats94, Ferkingstad og Ølen som alle er 11 poeng bak Etne. Skjoldar/Vats94 har ein kamp mindre spelt enn dei andre.
Var effektive
Etne hadde noko Sveio ikkje hadde, nemleg Ove Straumsøy i farleg scoringshumør; han ekspederte alle fire måla til Etne.
— Straumsøy er ein fabelaktig avsluttar og er effektiv når han får sjansen. Han scorar utruleg mange mål for oss, seier Jørgen Øyjord, spelande hjelpetrenar for Etne.
Rapporten hans er at Etne tok innersvingen på Sveio etter pause, medan det var heimelaget som starta best og fekk den første målkjenninga.
—Sveio er eit godt lag, men piffen gjekk heilt ut av dei i andre omgang, spesielt etter at vi scora det andre målet. Det var varmt, men det var det for oss også, seier Øyjord.
— Det var godt å bryte den negative tendensen før vi tar sommarferie. Det var ein viktig siger også mentalt for laget. Vi hadde kanskje godt av å få nokre nasestyvarar slik at vi innser at vi må kjempe i kvar kamp.
Jørgen Øyjord er også tilfreds med at forsvaret heva seg i denne kampen.