Stener superpatriot

Kari Aakra Det er ikkje mange fotballag som kan flotta seg med så trufaste og […]

Kari Aakra

Det er ikkje mange fotballag som kan flotta seg med så trufaste og hardtarbeidande dugnadsånder som Skånevik.  30. juni rundar Stener Karlsen frå Skånevik 90 år, men ser ingen grunn til å pensjonera seg frå den 75 år lange dugnadskarrieren for Skånevik-idretten av den grunn.
Sjølv har han aldri vore særleg aktiv på banen, likevel har Stener brunne for idrettsmiljøet og stått fotballaga bi i tjukt og tynt. Laurdag, under Torgdagane, blei den trufaste supporteren, som nærast er blitt ein institusjon i bygda, heidra av heile fotballmiljøet, men Stener sjølv meiner ikkje det er han som fortenar takk.
— Eg har hatt så enormt mykje glede av å vera med fotballgjengane både på kampar heime og reiser ut. Og eg skal vera atterhalden med å lova noko, men eg vil vera med så lenge beina ber meg, seier Stener.

Institusjon
Han er ein av dei få som framleis hugsar oppstarten av idrettslaget i Skånevik i 1935, og har sidan den gong stått fotballaga last og brast. Også i dei åra fotballen i Skånevik låg brakk, blir han hugsa som ei pådrivar for å få det på fote att.
— Eg hugsar han allereie i 1960, då fotballaget hadde vore i ein bølgedal nokre år. Han var ei av dei ivrigaste eldsjelene for å få laget på plass att, seier mångeårig idrettsentusiast i Skånevik, Knut Ness. 
Betydinga av entusiastar som Stener kan ikkje undervurderast, meiner Lars Jarle Ness i fotballstyret i Skånevik.
— Han er hundre prosent lojal supporter og alltid oppteken av at det finst eit godt fotballmiljø i Skånevik. Med pølsebua og fotballiveren har han betydd mykje for idretten i bygda, seier Lars Jarle Ness.
Både Stener og kona hans var opptekne av å gje den støtta dei kunne til fotballmiljøet og idrettslaget. Og slik kom både bingo, loddsal og pølsebod med fotballen som føremål på plass. Stener inntok  plassen i ei campingvogn, måla i Skånevik sine fotballfargar på 1970-talet. Sjølv om vogna blei bytt ut, har Stener sjølv halde stand som pøleseljar.

Trufast
Mange kilo pølser, eit utal lodd, ei historiebok, storinnsats i dugnaden for fleire generasjonar fotballspelarar og ei rekkje borte- og heimekampar har ikkje tatt gnisten av 89-åringen frå Skånevik. Tvert i mot, patriotismen er god behald. 
— Fotballen betyr mykje for bygdene trur eg, og med fotballaga kjem sterk patriotisme. Men me skal ikkje vera leie oss for å slå kvarandre. Eg tykkjer framleis det er gjævt når me vinn over Etne, seier Stener.
Den lange dugnads- og supporterkarrieren har vist att i stova hans. Eit bord full av utmerkingar er snart for lite, og truleg vil det vanka fleire heidersteikn. For dei heilt unge og nye talenta brenn han like sterkt for.

På`an igjen
— Eg gler meg stort over alle dei nye aldersbestemte laga. Då eg blei klappa inn på banen på laurdag og såg alle dei små talenta som sto der, var det kanskje noko av det finaste ved heile dagen, meiner Stener.
På laurdag var han ein av nærare 300 som stilte på kampen der Skånevik spela mot Etne. Og oppmøte av denne storleiken er eit høgdepunkt for 89-åringen. Og på torsdag er det på han igjen.
— 16-åringane spelar mot Torvastad. Det skal eg sjølvsagt få med meg, seier Stener, som stiller trufast i pølsebua for laget sitt, dei unge talenta og til eigen fornøyelse.