Tjuvlånte bordet til fest

— Ein ung mann hadde tjuvlånt bordet til fest, utan å levera det tilbake, seier […]

— Ein ung mann hadde tjuvlånt bordet til fest, utan å levera det tilbake, seier lensmann Niljann Hustoft.
Det gjekk ei heil veke utan at barnehagen høyrde noko, men då personalet skjekka opp i saka i nærmiljøet fekk dei vite kvar bordet stod.
— Det er synd at det skal vere slik at folk berre forsyner seg av barnehagen sitt utstyr, seier Hustoft.
Bordet er enda ikkje tilbakelevert, men politiet reknar med at det no kjem til å skje. Bordet som forsvann i fjor er framleis sporlaust vekke.
— Dei som sit med eit bord frå i fjor kan godt levera det tilbake, seier lensmannen i Etne.

Sissel Askvig som er styrar i Rygg barnehage er letta over at saka er løyst.

— Bordet skulle visstnok vore levert tilbake på søndag, men det blei aldri gjort. Hadde han spurt om lov på fredag så hadde han fått ja, men det er det går ikkje an å ta noko utan å spørje først, seier Askvig.