Veteranbilar frå Nederland

Måndag føremiddag sneik det seg 103 kabrioletar, mange av dei veteranbilar, oppover dei smale og […]

Måndag føremiddag sneik det seg 103 kabrioletar, mange av dei veteranbilar, oppover dei smale og svingete vegane nedanfor Skarstølen i Etne. Oppe på sjølve parkeringsplassen som oftast vert assosiert med vinter og skiturar, kunne ein finne hundrevis av nederlendarar som visste å setje pris på norske vegar.
— Me pleier å arrangere biltreffet i Alpane, men i år ville me prøve Noreg sidan det er eit så vakkert land, seier arrangør Frits Wessels.
Dei hadde køyrd gjennom Tyskland og Danmark, for så å teke båt til Larvik der dei tok til på ”bilrallyet ” som Wessels beskreiv det. Bilane hadde då teke seg over Haukeli, og enda opp i Etne på ein avstikkar-tur frå sin hovudbase på Ullensvang Hotell.