Arbeidsledigheita er nesten dobla i forhold til i fjor. Ved utgongen av juni er det 4479 registrerte arbeidsledige i Rogaland. Dette melder NAV Rogaland. Likevel er det positive trekk når ein er komen til juni. Heile 2878 nye ledige stillingar kom til i juni månad. Dei fleste stillingane kom til innan helse, pleie og omsorgsarbeid. Eit anna yrke som det er blitt større etterspurnad på er oljeingeniørar.
— Aktivitet i denne sektoren genererer tradisjonelt behov for arbeidskraft i andre næringar, seier direktør i NAV Rogaland, Truls Nordahl.
I tillegg påpeikar Nordahl at store samferdselsprosjekt forklarar auka etterspurnad på arbeidskraft i bygg- og anlegg og industri.
I Vindafjord er det forholdsvis låg arbeidsløyse med eitt prosent. Det er lågt i forhold til heile Rogaland som ligg tett opp mot to prosent.
Etne ligg også på eitt prosent i arbeidsløyse, og i forhold til heile Hordalands 2,4 prosent er dette lite. Landet sett under eitt har 2,7 prosent arbeidsløyse.
Auka etterspurnad etter arbeidskraft
Arbeidsledigheita er nesten dobla i forhold til i fjor. Ved utgongen av juni er det […]