Dei 35 aktivitetane var nærast fullbooka, og på nokre postar fekk ikkje alle som ynskte plass. Men omlag 2.000 sporty deltakarar fekk likevel prøva seg på det festivalen hadde å by på. Og når festivalen brukar mottoet «Litt livsfarleg», er det ikkje spøk.
— Ormen kom tett innpå oss då me var på hoggormsafari og me gjekk oss litt vil under nattjakta. Men me prøver jo også å etterleva slagordet vårt litt, fortel Zporty-general Frank Abelseth.
Og litt småfarleg var det til siste slutt. Under det storslegne avslutningsshowet på torsdag var det både unge lokale stjerneskot, og innleidde proffar som heva stemninga under teltduken. Og med hjarte i halsen følgde publikum sirkusgruppa «Gnist» sin halsbrekkande akrobatikk, og flammeleik.
Dei hadde også hatt sirkusskule under festivalen, og det var ikkje tvil om at sirkus sto som eit inderleg ønskje for framtidig yrkesval blant borna som hadde delteke.
— Eg har vore med på masse, men sirkus er det kjekkaste! Og eg vil nok prøva meg i sirkus når eg blir stor, meinte Sunniva S. Bergfjord frå Åkra, før idola hennar frå «Gnist» gjekk på scena med avsluttande kunstar.
Det var nærast fulle deltakarlister på aktivitetane dei tre Zporty-dagane, og arrangørane var nøgde etter vel overstått festival.
— Det har vore mykje folk heile vegen, og aktivitetane under festivalen har vore så og seia fulle heile vegen. Men me hadde nok håpa på fleire under avslutninga. Likevel er me stornøgde. Både med dei mange tilreisande, og det lokale oppmøte. Nokre regnbyer har det vore i løpet av dagane, men det har berre passa fint inn, seier Abelseth.
Les meir i Grannar på torsdag.