Den amerikanske headlineren under Skånevik Blues har sjølv sagt at ho er betre live enn på cd, og publikum såg ut til å vere einige i det utsagnet under gårsdagens konsert. Det stappfulle blues-teltet kom i ekstase då Beth Hart omsider kom på scena, om lag ein time etter skjema.
Og den amerikanske dama skuffa ikkje. Ho har eit variert repertoar, og serverte alt frå rolege pianosongar til rockelåtar der heile bandet var i fullt driv og Beth Hart spratt rundt på scena.
Ho roste òg naturen i Skånevik, og sa at det var noko av det vakraste ho nokon gong hadde sett.
Les meir om Beth Hart i torsdagens papiravis.