BigBang erstattar Hellbillies

Etter at det blei klart at Hellbillies måtte melde avbod, har arrangøren jobba intenst med […]

Etter at det blei klart at Hellbillies måtte melde avbod, har arrangøren jobba intenst med å finne eit band som slår like godt an blant publikum.

— Me er svært glade for at me har klart å hanka inn BigBang, eit av dei desidert beste livebanda i Noreg. Nå ser me fram til ei forrykande konsertoppleving i Etne, seier marknadskoordinator Vidar Lund.

Han opplyser at BigBang ikkje har hatt andre festivaljobbar her i distriktet i sommar, og trur dette blir ein ordentleg opptur for den lokale fansen.

— Me håpar at dette skal trekke folk frå heile distriktet, kjem det frå marknadskoordinatoren i Etne.

BigBang spelar fredag kveld på Meieriplassen i Etne.