Braksuksess med Pippipremiere

Emma Byre hadde stasa seg opp med Pippi-fletter Eit par små regndråpar var ikkje nok […]

Emma Byre hadde stasa seg opp med Pippi-fletter

Eit par små regndråpar var ikkje nok til å setje ein dempar for ute-teatret i hotellhagen i Skånevik. Eit forventningsfullt publikum fekk sjå ei strålande framføring av Astrid Lindgrens udøydelige forteljing om Pippi Langstrømpe. Blandinga av profesjonelle skodespelarar og entusiastiske og flinke amatørskodespelarar skapte store mengder av latter hos både born, foreldre og besteforeldre. Ein av dei lokale heltane var Martin Kristiansen frå Skånevik. Han hadde tre roller under showet.
— Eg hadde litt nervar, men det var likevel kjekt, forklarar skodespelartalentet.

nett_50-09-martinkristiansen.jpg

Martin Kristiansen hadde tre ulike roller i Pippi-førestillinga

Foto av: Bjørn K. Kjellesvik

Elise Eriksen var ein av dei mange nøgde publikummarane.
— Det var fint, smilar jenta som fortel at hu har fått Pippi-dukka av mamma og pappa.
Fulle hus
Ei anna jente som var blid som ei solstråle etter førestillinga var Emma Byre. Ho hadde fått farmora si til å flette Pippi-fletter på ho.
— Eg syns Pippi var kjekkast, seier ho utan å skjule si begeistring.
Dette var den første av i alt seks førestillingar som skal ta stad denne helga. Arrangørane har vore tvungen til å setje opp ekstraførestillingar på grunn av høg interesse.