Den forsvunne papegøyen

Mellom klokka eitt og halv to natt til fredag vart trepapegøyen Globi stele av ein […]

Mellom klokka eitt og halv to natt til fredag vart trepapegøyen Globi stele av ein forbipasserande bil på Børkjenes. Papegøyen stod med postkassen til Edna Trovanelli som bur på Børkjenes.
— Mannen min var tilfeldigvis vaken då det skjedde og sprang ut, men bilen rakk akkurat å køyre av stad, seier Trovanelli.
Ho fortel om ein stor varebil med to personar inni. Dei hadde stoppa 20 meter frå papegøyen, for så å rygge tilbake for å brekke den av og ta den med seg. Trafikken på Børkjenes aukar kraftig under Blues-festivalen, men Trovanelli forstår likevel ikkje kven som kjem på å stele ein papegøyestatue av tre.
— Eg skjønar ikkje kva dei skal med den, seier ho.
Ho vonar no at papegøyen vil koma til rettes igjen.