— Ekstremt moro

Ivar Teigland Han har vore ein viktig pådrivar for å få til strikkhoppinga frå Trolljuv […]


Ivar Teigland

Han har vore ein viktig pådrivar for å få til strikkhoppinga frå Trolljuv bru, og står nå klar på brua med seletøyet på seg.
— Angrar du nå på at du har gitt lov til dette?
— Nei, det nyttar ikkje å tenke sånn, seier senterpartipolitikaren Steinulf Tungesvik mens han går opp på den vesle plattforma på brukanten og gjer seg klar til å hoppe utfor.
Og før ein får sukk for seg, fer han utfor med eit høgt brøl så det gjallar i Åkrafjorden.

Ikkje trafikkfarleg
— La meg seie som Kåre Willock: Det er greit å ha gjort det. Tungesvik angrar ikkje når han eit par minutt etterpå blir heist opp av strikkhoppinstruktørane.
— Det beste er å berre gjere det utan å stå der og tenke så mykje. Eg sov godt i natt og har ikkje grua meg noko til dette, kjem det frå friskusen Tungesvik.
Argumentet imot å tillate strikkhopping frå bruer er at det er trafikkfarleg. Men det meiner den tidlegare statssekretæren i Samferdselsdepartementet ikkje er eit argument her på Trolljuv bru.
— Nå har vi stått her i omtrent ein time, og på den tida har det komme éin bil som snigla seg forbi. På denne vegen her er det omtrent ikkje trafikk, så trafikksikkerheita er ikkje noko å snakke om i dette tilfellet, meiner Sp-politikaren.
Han vil nå jobbe aktivt for at det skal bli fullt lov å hoppe i strikk frå Trolljuv bru, og ikkje berre ei prøveordning.
— Eg skal gi beskjed til Liv Signe Navarsete om at dette er ekstremt moro, ikkje trafikkfarleg, og ikkje minst ein grøn og miljøvennleg aktivitet, opplyser Tungesvik.
I tillegg ser han at strikkhoppinga er eit viktig reiselivstiltak for Åkrafjorden.