Og årsaka er at vokalist og frontfigur Aslag Haugen blei sterkt skadd i ei ulukke sist helg.
Etnemarknaden jobbar nå på spreng med å finne ein fullgod erstattar, men vil ennå ikkje gå ut med noko namn.
Erstattaren skal likevel ikkje bli noko dårlegare band.
— Nei, den musikalske kvaliteten vil vere like bra, men det er muleg me må gå i ein litt annan sjanger enn countryrocken til Hellbillies, opplyser koordinator for Etnemarknaden Vidar Lund.
Han håpar å ha klar ein erstattar for Hellbillies i løpet av neste veke.