Etterlyser vitne

Åtte vitne er avhøyrte etter episoden i Vikedal sentrum, natt til laurdag førre helg. Men […]

Åtte vitne er avhøyrte etter episoden i Vikedal sentrum, natt til laurdag førre helg. Men framleis er det mange lause trådar i saka, og politiet etterlyser folk som kan ha observert noko i samband med hendinga. Politiet blei kontakta om saka like før 02.00.

Tidpunktet for ugjerninga har til nå vore noko difus, men politiet har skrenka perioden inn til timen frå midnatt til klokka 01.00, fortel fungerande lensmann ved Vindafjord lensmannskontor, Arild Austrheim.
— Den angjevelege åstaden skal vera på bak/sørsida av Joker-butikken i Vikedal sentrum, på gardsplassen framføre frisørsalongen. Det er snakk om ein sideveg på omlag 20 meter, og dersom forbipasserande eller naboar har observert noko, ønskjer me at dei tek kontakt, oppmodar Austrheim.

Det var natt til laurdag førre veke at politipatruljen i Vikedal kom over ei 16 år gamal jente som fortalte at ho var blitt utsett for valdtekt eller ei utuktig handling. Ho var blitt dregen med inn i ei bakgate og lagt i bakken

Søndagen etterpå blei ein 17 år gammal gut tatt inn til avhøyr. Han stilte seg uforståande til mistanken, og slapp ut utan varetekt.  Saka har vore under etterforsking heile veka og har fått høg prioritet.