Har passert Etne og Ølen

Her er Veronica Jacobsen (fremst) og Sigmund Pettersen på veg frå Etne til Ølen. Foto: […]

Her er Veronica Jacobsen (fremst) og Sigmund Pettersen på veg frå Etne til Ølen. Foto: Anita Haugland


Veronica Jacobsen frå Ølen har saman med kammeraten, Sigmund Pettersen, sykla nærmare 250 mil. Måndag 15. juni var dei på flyet på veg opp mot Nordkapp, og sidan den tid har dei sykla fleire mil til dagen for å nå Lindesnes.

Torsdag la dei om ruta litt,og kom til Odda, der dei overnatta. Fredag ettermiddag var dei på veg til heimelaga middag hos Siv Jabobsen (red.anm. mora til Veronica) i Ølen.

— Det har vore ein kjempeflott tur, seier Jacobsen til Grannar-reportaren, medan dei tok ein liten stopp på veg opp mot Fikse.