Historisk vedtak

På det ekstraordinære møtet onsdag ettermiddag blei rådmannen sitt forslag om å delta i prosjektet […]

På det ekstraordinære møtet onsdag ettermiddag blei rådmannen sitt forslag om å delta i prosjektet til over 90 millionar kroner vedtatt etter eit langt ordskifte.
— Eit historisk vedtak som vil bety mykje for utviklinga av kommunen, for den vidaregåande skulen og for idretts- og kulturlivet, seier ordførar Sigve Sørheim (Sp) ein kommentar til Grannar like etter vedtaket.

Røystetalet var 16 for og fem mot rådmannen og formannskapet si innstilling. Frp (tre) og KrF (to) utgjorde mindretalet. Mindretalet meinte spesielt at kommunen tok ein stor risiko ettersom Hordaland fylkeskommune har sett som vilkår å få ein gjenkjøpsavtale på deira seksjon (vel 40 millionar) etter seks år.
Ap, Sp, Høgre og V står samla bak vedtaket om at Etne kommune skal delta tungt i skule-, kultur og idrettsprosjektet.
Eit utsetjingsforslag frå Frp fall mot sju røyster.

Lovlegheitskontroll

Frp gjorde etter vedtaket krav om lovlegheitskontroll, som betyr at kommunestyret må behandla saka ein gong til. Det skjer ikkje før etter sommarferien, og seinast i september.
Rådmann Elling Hetland opplyser at dette ikkje får nokon praktisk betydning for ein eventuell byggestart i løpet av sommaren ettersom det nå føreligg eit gyldig vedtak. Dermed går det mot byggestart, truleg like etter Etnemarknaden.

Støttemarkering
Kommunestyret brukte eit par timar på å behandla den store og viktige saka. Debatten var prega av mange gode innlegg frå båe sider. Eit 30-tals tilhøyrarar stilte spent opp, dei fleste for å markera si støtte til Skakke-senteret.

— Eg vil ha Skakke-senteret, seier Tiril Irene Drange (12 år, lengst til høgre). Ho var ein av elleve representantar frå den yngre generasjonen som høyrde etter på kommunestyremøtet.