Eit mangeårig press frå bygdefolket i Skånevik førte fram i vår då kommunestyret gjekk inn for å forskottera oppgradering av fylkesvegen. Likevel var det knytt skepsis til om oppgraderinga nokon gong ville komma på plass etter ein lang kamp for å få dette i orden. På måndag tok gravemaskinen første jafsen av grøftekanten for vegutvidinga. Mangeårig vegforkjempar Gudbjørg Christophersen jublar over oppstarten ho lenge frykta det aldri ville bli noko av.
— Nå har eg berre lyst å ropa hurra! Det har sett spøke ut, me har fått lovnadar ofte, og eg har ikkje hatt tru på det i det heile tatt. Men dette er historisk og betyr ei stor forandring for Skånevik, seier ein glad vegentusiast til Grannar.
Oppstart etter 30 år
For nærare 30 år sidan var ho ein av eldsjelene som tok opp saka i Skånevik arbeidarlag. Sidan den gong har lovnadane vore mange, og det politiske presset frå Skånevik stort, utan resultat, før nå.
— Det er heilt utruleg at det har gått så bra som det er gjort, og me er alle kjempeglad for at det ikkje har hendt noko. Nå får eg berre håpa at forsettinga også går greit og at resten av arbeidet kjem i gong, seier ei letta Christophersen.
I mars løyvde fylkestinget i Hordaland halvannan million til utbetring av svingen, medan kommunestyre i Etne seinare i vår gjorde vedtak om å forskottera 15 millionar kroner til gang og sykkelsti langs den 1.000 meter lange strekninga frå kaien, forbi svingen og til idrettshallen. Utbetringa av omlag 300 meter i Kathinka-svingen er startskotet for arbeidet som vil sikra fylkesvegen gjennom sentrum. Neste tiltak som står for tur er gang- og sykkelvegen.
— Svingen og vegen her har vore ei sak så lenge eg kan hugsa, og skåneviksbuen har sett fram til denne dagen. Eg har sett mange fotgjengarar med flaks her gjennom åra, seier Haldor Ebne i Skånevikstranda Maskinstasjon som fekk tilbodet på vegarbeidet. Maskinentreprenøren er ein av mange verksemder i Skånevik som med store køyretøy og tungtransport dagleg møter mjuke trafikkantar på den smale strekninga.
Hardt arbeid
Vegstrekninga har stått på politisk dagsorden i kommunen i mange år, men etter sterkt press frå skånevikspolitikarar og arbeid opp mot fylkespolitikarane. Prislappen på vegen blei uventa høg, og søknad om tiltakspakke-pengar til vegen blei avslått av fylket. Fylkeskommunen sette også stopp for forskotteringsprosjekt på over 15 millionar. Etter eit ekstraordinært kommunestyremøte fekk politikarane inn søknaden i april like før fristen gjekk ut i fylket.
— Politikarane i Skånevik har pressa hardt på, og det er blitt jobba mykje mot fylkespolitikarane for å få dette til. Me var ikkje overtydde om at denne vegen ville få plass på forskotteringslista deira, og dersom det ikkje hadde gått gjennom ville me blitt sett opp på ei vanleg prioriteringsliste. Då er det heilt uvisst når dette prosjektet ville fått oppstart, seier ordførar Sigve Sørheim.
Håpar på fortgang
Haldor Ebne reknar med at utbetringa av svingen skal vera i boks medio november i haust. Reguleringsplanen for gang- og sykkelveg ligg klar, og byggjeplanane for arbeidet ventar. Byggjeleiar i Statens vegvesen, Asbjørn Opedal håpar vegarbeidet vil gå snart nå som dei er i gang, og at gang- og sykkelstien vil vera på plass innan to år.
— Nå blir 300 meter av vegen ved Kathinka-svingen utvida for å laga plass til gang-og sykkelveg. Me håpar arbeidet med byggjeplanane deretter vil gå raskt for å få fortgang på gang- og sykkelveg nå når me er i gang, seier Opedal.