Innbrot på Lundeneset

Innbrotet har skjedd ein gong i perioden frå onsdag til søndag. Uvedkommande har truleg fått […]

Innbrotet har skjedd ein gong i perioden frå onsdag til søndag. Uvedkommande har truleg fått tilgang til nøklar til skulen, og stal med seg eit femsifra beløp frå safen.

— Det er ikkje skade på bygning elles, og mykje tyder på at nokon har fått tak i nøkkel til bygget og fått tilgang til safen også. Me har sikra oss spor, og etterforskar saka vidare, seier fungerande lensmann ved Vindafjord lensmannskontor, Arild Austrheim.

Austrheim seier at ein del kan tyda på at innbrotstjuvane har kjennskap til skulen.