Kjempestemning på bluesen

Det vrimlar av folk som kosar seg i Skånevik under bluesfestivalen som varer fram til […]

Det vrimlar av folk som kosar seg i Skånevik under bluesfestivalen som varer fram til laurdag kveld, men bluesgeneralen er ikkje oppdatert på billettsalet.

— Nei, det skjer så mykje nå, så det har eg ikkje heilt oversikt over, seier Christophersen på telefon frå Skånevik mens musikken durar for fullt i bakgrunnen.

I kveld er amerikanske Beth Hart det som svært mange gler seg til, og i morgon kveld blir det fullt show med sjølvaste Alice Cooper i bluesteltet.

— Her er det kjempestemning, og folk er i himmelen, er det siste Alf W. Christophersen får sagt før stemma hans druknar i bluesmusikken.