Jubelen overdøyver det meste når Grannar snakkar med Skjoldar-supporter Lars Gunnar Økland på telefon. Fotballjubelen har mykje godt vore konstant sidan start i Vindafjord-leiren.
— Det er mange gode supporterar her, og på tvers av aldergrupper, gutar, jenter og bygder er dei alltid på plass for å heia kvarandre fram, rapporterer Økland.
Stemninga er upåklageleg i Vindafjord-leirane, og det med god grunn. Det har gått slag i slag sidan dei første kampane. Utanom eit tap på 11-0 mot Fana, har Skjoldar-talenta gjort seg godt bemerka på banen. Damelaga har så lagt vunne alle sine kampar på Ekebergsletta. Til og med rikspressa fekk augo opp for spelarane, som prega ei dobbel sportsside frå Norway Cup i Dagbladet i går.
Skjold-gutane gjorde seg bemerka og fekk oppslag i Dagbladet i går. Jentene frå Vindafjord har så lagt gått ubeseira hen i Norway cup. Foto: Lars Gunnar Økland
16-årsklanen frå Skånevik har også tatt ein solid siger. Etter eit lite 4-2-tap mot Oppdal første dagen, berga skåneviksgutane sigeren med 6-0 over Kvik/Halden i dag.
Og veret betyr lite, fotballgleda står seg godt gjennom nokre regnbyer.
— Det har regna noko, og veret er litt att og fram. Men det har vore 19 grader i dag, og vèrmeldingane for morgondagen er gode. Så me er stornøgde med alt, fortel Økland mellom jubelbrusa frå Ekebergsletta.
Resultat frå Norway cup
Søndag
G14
Skjoldar 2 – Fana 0-11
Skjoldar/Vats/Vikedbygd – Kaupanger 4-1
Hønefoss BK – Ølen 5-1
G13
Gullhaug – Ølen 1-2
G16
Skånevik – Oppdal 2-4
J13/14
Skjoldar – Valder 3-0
J13
Skjoldar/Vats/Vikebygd – Bergsøy 2-0
J16
Kurland – Vindafjord IL 1-2
Måndag
G14
DFI 1 – Skjoldar/Vats/Vikebygd 4-2
G13
Grüner – Ølen 0-3
G16
Kvik/Halden 2 – Skånevik 0-6