Mange støttar oppropet

  Anita Haugland Fram til nå har Eidhammer fått 48 ordførarar med seg. Hovudbodskapen er […]

Anita Haugland

Fram til nå har Eidhammer fått 48 ordførarar med seg. Hovudbodskapen er å stø kravet om nynorsk undervisningsmateriell i alle fag til framandspråklege. I svarbreva har ho fått mange positive tilbakemeldingar.

Ordføraren i Tysnes skriv dette: «Hei! Eg støttar på det sterkaste oppropet. Sjølv har eg undervist framandspråklege. Det er eit stort problem at menneske i lokalsamfunnet deira brukar heilt andre former og ord enn det dei les i bøkene, og som då blir brukt i undervisninga.» Ordføraren i Vinje kommune svarte dette: «Eg støttar sjølvsagt oppropet, og takkar hjarteleg for initiativet.»
Ordføraren i Sogndal, Jarle Aarvoll seier dette:
— Målforma er ein del av identiteten vår, og det er viktig at ein har same språket som dei ein arbeider med og går på skule med.

Tidkrevjande
— Det har vore mykje arbeid. Eg måtte ta personleg kontakt med alle ordførarane fordi dei ofte ikkje har tid til å lesa all eposten som kjem, seier Eidhammer.
I og med at ho ikkje har jobba så mykje dette året, har ho hatt tid til dette.

— Det har vore tidkrevjande, men også positiv og kjekt. Eg likar å snakke med folk, og det har vore oppmuntrande med all den positive responsen. Fleire takka for initiativet, seier Eidhammer.
Ho meiner at ho sikkert også kunne fått med seg fleire, men nå har det gått såpass lang tid at ho vil senda inn oppropet. 6. mai i vår sende ho ut oppropet via landsforeininga for nynorskkommunar.
— Eg håpar at departementet vil gjere noko med denne saka, seier nynorskforkjemparen. 

Lokal støtte
Arne Bergsvåg og Sigve Sørheim er to av ordførarane som har støtta oppropet frå Eidhammer.
— Det er fleire og fleire framandspråklege som buset seg i distrikta, og dermed er det naturleg med språkopplæring på nynorsk. Det er meiningslaust at desse skal læra seg bokmål. Eg meiner at staten må legga til rette for språkopplæring på begge målformer, seier ordføraren i Vindafjord.
Han uttaler at dette er nok eit eksempel på diskriminering av nynorsk. Ordføraren i Etne er også positiv til nynorsk opplæring til vaksne, framadspråklege.
— Det er viktig at dei får eit tilbod, seier Sørheim til Grannar.