Mira Craig lagde stemning

Mira Craig hadde mykje energi medan ho var på scena. Foto: Anita Haugland Anita Haugland […]

Mira Craig hadde mykje energi medan ho var på scena. Foto: Anita Haugland

Anita Haugland

Fredag kveld var det Mira Craig som var det store trekkplasteret under Vikedal Roots Music Festival. Det var ingen tvil om at det var flest menn som var nærmast gjerdet og scena under konserten, og Mira viste korleis ho skulle få opp stemninga.

— Er det nokre som vil vera med å bada etter showet? ropte Craig ut til publikum etter andre song på scena.

Ho laga liv frå første strofe, og leverte ein bra konsert for fansen. Neste gruppe ut var The Wombats, også på denne tida var det svært mange folk i festivalområdet.

— Det gjekk fleire festivalband enn me forventa, og det lovar jo godt, seier festivalsjef Kurt Ingen Nybru på telefon til Grannar.

Talet på besøkande er førebels uklart for gårsdagen.

— Det einaste me veit enda er at det kom mykje folk, seier Nybru.

I kveld kan du mellom anna få oppleve Vamp, dei lokale heltane  Packers, britiske The Levellers og den moderne, norske folkemusikkgruppa Bergtatt.

Grannar følgjer Vikedal Roots Music Festival. Følg med på nettsidene våre, og les meir i papiravisa på torsdag.

Trykk her for å sjå fotoalbum frå festivalen.