Ivar Teigland
Det heile begynte med at Ståle Sørheim fekk ei Moods of Norway-t-skjorte til 50-årsdagen. Ei stund seinare såg han ein tv-dokumentar om denne klesfabrikanten i Stryn som satsar på det typisk norske og landlege, ispedd ein hipp og urban stil. Etnebuen blei då klar over at hans Deutz-traktor frå 1963 kanskje kunne passe inn som motiv i kleskolleksjonen til Moods of Norway.
— Eg ringte dei og tipsa dei om dette, og dei blei veldig interesserte. Dei ville først kjøpe traktoren, men eg sa at dei kunne låne han, fortel Sørheim.
Han føreslo for Moods of Norway at dei kom ned til Etne og tok bilde av traktoren med Langfoss i bakgrunnen, men klesfabrikanten med base i Stryn ville halde seg til Stryn-miljøet.
Catwalk
Ståle Sørheim skal nå snart på ferie nordover, og tar derfor med seg eit par bilder av traktoren sin som han leverer til Moods of Norway.
Dagleg leiar i strynfirmaet, Jan Egil Flo, bekreftar at dei har fått tipset frå etnebuen.
— Ja, dette er noko me absolutt vurderer seriøst, for dette er jo ein spesiell traktor, kan Flo slå fast.
Det er ennå tidleg i prosessen, men viss Ståle Sørheim får napp hos kleskjeda, kan traktoren hans bli frakta til Stryn for avfotografering.
— Eg føreslo òg for dei at dei kan bruke traktoren på catwalken og ha ei dame sitjande på bakskjermen, humrar 51-åringen.
Spesiell traktor
Traktoren er ein Deutz D30 frå 1963, og var i si tid den mest selte modellen i Tyskland. Sørheim fekk tak i denne i Egersund for halvtanna år sidan, og har brukt tida på å restaurere han. Verdien på traktoren har nesten blitt dobla etter alt stellet den har fått på Sørheimsgarden.
— Den første traktoren me hadde på garden då eg vaks opp, var ein Deutz, så det vekkjer gode minner å sjå denne. Det er nok litt nostalgiske grunnar til at eg kjøpte han, fortel Sørheim.
Han likar godt lyden frå den gamle 2-sylinderen, for det kan minne litt om brumminga frå ein Porsche. Motorprinsippet skal visstnok ikkje vere så ulikt. Og sjølv om traktoren har blitt 46 år gammal nå, startar han og går som ei klokke. Litt rusk er det med kløtsjen og hydraulikken, men det er sånt som er muleg å fikse.
— Moods of Norway fortalte at dei er interessert i ein traktor som startar og er muleg å kjøre, så denne er nok midt i blinken for dei. Tenk berre å komme tøffande inn med denne på catwalken, smiler 51-åringen.
I dag har Moods of Norway utstilt ein gråtasstraktor utan motor. Gråtassen har fått ei ansiktsløfting etter at han kom inn i motemiljøet, men Ståle Sørheim trur at dei sterke fargane på Deutzen hans vil gli rett inn i profilen til kleskjeda frå Stryn.
— Kan du tenke deg å selje traktoren?
Han dreg litt på det.
— Me får sjå.