På filmtokt i fjordørken

Jon Edvardsen Eit undervasskamera frå Karmsund Underwater Inspection blir lasta om bord i sjarken til […]

Jon Edvardsen

Eit undervasskamera frå Karmsund Underwater Inspection blir lasta om bord i sjarken til Edvin Magne Ørke, leiar i Tysvær Fiskarlag. Ståle Jøtne og Osvald Eikanes i Norges Miljøforbund si avdeling i Vats vil ha dokumentasjon på korleis det ser ut i fjorden etter at AF Decom har sprengt ut eit lite fjellparti og fylt i fjorden for å utvide anlegget.

Trist syn
— Her var den beste hummarplassen i Vatsfjorden, og no er det blitt ein ørken av støvet og sanden. Ikkje rart at det ikkje er krabbe i teinene, seier Osvald Eikanes.
Det stadfestar også fiskarlagsleiar Edvin Magne Ørke, som har ein kollega som fekk to krabbar i dusinvis av teiner.
— Det er greitt å få dokumentasjonen, men det er forferdeleg trist å sjå korleis fjorden er blitt. Dette lar seg ikkje reparere med det første, det tar tid, seier Ørke.

Som eit teppe
Før denne konklusjonen har «Vito» kryssa på begge sider av Vatsfjorden, og eit par kilometer inn forbi industriområdet på Raunes. På seks-sju plassar blir undervasskameraet firt ned mot botn for å gi bilde av tilstanden.
Rett ut forbi Raunes er alt kvitt, og teppet ligg som melis over heile botnen. Ikkje teikn til liv. Derimot ligg det tauverk og siltgardiner igjen på botnen som skulle hindre at støvet spreidde seg ut over fjorden.
Der kunne filmopptaket gått fløyten, for kameraet vikla seg inn i tauverk og sette seg fast. Med fiskarknep kom apparatet til slutt laus. Kabelen til apparatet er over 70 meter lang.

«Svart hav»
«Vito» går mot land på andre sida av Vatsfjorden, og kameraet sveipar over botn. Like grått, ingen tare, ingen krabbe, ingen fisk å skremme; ørkendød.
— Sanden som ligg oppå alt er ein ting, men eg er forundra over at alt er så dødt, at det ikkje er teikn til liv. Dette kan ikkje vere normalt, seier Ørke.
Eikanes meiner dette området var full av tare tidlegare, eller skråme som han kallar det. Enkelte eksemplar er synlege, men som ser visna ut.
— Vanleg naturleg sand er slipt rund og skaper ikkje store problem, men denne er sprengt og dermed firkanta. Ikkje rart at fisk og krabbe rømmer, seier Ståle Jøtne.
— Der er ein krabbe, den er død, iler han til framfor ein monitor der ein kan styre kameraet.
Den einaste potensielle fangsten på begge sider av Vatsfjorden der anlegget til AF Decom ligg.

Bortforklare
Ørke gir fart innover fjorden, til 300 meter inn forbi terskelen, med industrianlegget 2 kilometer lenger ute.
— Her er det meir liv, men sanden er komen inn her også, seier sjefen på sjarken.
Taren er meir oppreist, men med eit sanddryss over seg. Kameraet passerer nokre døde krabbar, ein levande kreps, men framleis ingen fisk.
— Denne filmen kan ingen bortforklare. Hadde det vore ei skikkeleg konsekvensutgreiing på førehand, ville det ha kome fram. Dei ser på oss som tullingar, men det viser seg at vi får rett, seier Ståle Jøtne.
Korleis fjorden såg ut før ? Den såg i alle fall ikkje slik ut, er konklusjonen til dei tre.
— Vi snakkar om ein god fiskefjord som også var full i krabbe. Ingen kan overleve slik den ser ut no.
Når opptaka er redigerte, skal ein biolog studere filmen.


Skeptisk til filmopptak

Forbausande lite liv på andre sida av Vatsfjorden, men filmopptaka er ikkje bevis på at slam og støv har lagt eit teppe over fjordbotn.

Det meiner Astri Kvassnes i Norsk institutt for vannforskning (NIVA) som er prosjektleiar for miljøovervakinga i Vatsfjorden, på oppdrag frå AF Decom Offshore AS.
Ho står fast på det ho har sagt tidlegare om at dei er overraska over kor lite sprenginga og fyllinga i fjorden har påverka systemet.
— Det baserer vi på prøvar vi har tatt i fjorden der vi ikkje finn alderslag på botn som vi kan tidfeste er kome som følgje av aktiviteten. Slike filmopptak er vanskelege å tolke, sjølv for ein erfaren biolog. Ein bør ta kjemiske prøvar i tillegg for å kunne seie noko eksakt, seier Kvassnes.

Lite liv
Ho har fått tilgang til bilde utanfor anlegget og andre sida av fjorden, pluss inn forbi terskelen. Dei har ho vurdert saman med biologar i NIVA.
• Ved anlegget i Raunesvika og Grønevika er bilda som venta: Nemleg at sjøbotn er tilslamma eit stykke utover.
• På andre sida av Vatsfjorden meiner dei det er uråd ut frå bilda å seie noko om tilslamming og støv. Men dei er forbausa over kor lite liv det er å observere, blant anna at det ikkje er teikn til kråkebollar eller sjøstjerner.
• Inn forbi terskelen meiner dei det ser ganske normalt ut, og at prøvetaking må til for å kunne konkludere.

Trena
— Ein kan til dømes ikkje vente å finne tang djupare enn 15-20 meter sidan det er ei plante som er avhengig av lys, og som ikkje veks på blautbotn. Ein skal vere trena for å sjå liv i område som ser livlause ut. Bilda viser blant anna spor av makk og reker i blautlaga. Ein må ta prøvar for å finne ut om dekket er finstøv eller kalkalgar, seier Kvassnes.
NIVA skal ha ferdig ein rapport om tilstanden i fjorden før årsskiftet, og analysane av sedimenta dei har tatt prøvar av, er ikkje ferdige.