Det var natt til tysdag at innbrotstjuvar slo til mot Lervik Ur i Haugesund. Ifølgje h-avis.no kolliderte fluktbilen aust i byen, og politiet var optimistiske med tanke på gode tekniske spor i saka.
På føremiddagen blei fire personar pågripne i nærleiken av Ølen. Dei blei frakta til Haugesund for avhøyr. Etterforskingsleir Lars Ivar Grunnaleite stadfester overfor h-avis.no at dei pågripne også blir sjekka opp til eit tidlegare innbrot hos Lervik Ur.