Rekordbesøk på bluesen

Alf Warloe Christophersen er tydeleg nøgd etter årets bluesfestival, og fortel til Grannar at bygda […]

Alf Warloe Christophersen er tydeleg nøgd etter årets bluesfestival, og fortel til Grannar at bygda ikkje har hatt så mange på besøk tidlegare.

— Eg vil tru at rundt 15.000 var innom bygda desse dagane, og kanskje 10.000 av dei kjøpte billettar, opplyser leiaren for Skånevik Bluesfestival.

Sjølv om Skånevik er ei lita bygd, er han stolt over at dei klarar å ta hand om så mykje folk.

— Alt i det praktiske opplegget vårt fungerte, og eg har ikkje fått nokon negative tilbakemeldingar frå folk. Det har berre vore smil og kos, kjem det frå Christophersen.

Politiet melder likevel om ein del promillekjøring med båt, og enkelte samanstøyt i matkøar, men dette kan ein ikkje unngå, meiner festivalsjefen.

— Slike ting oppstår når ein flyttar 10.000 personar inn her for ein kort periode. Det er rett og slett ein del av gamet, seier bluesgeneralen.

Han har ikkje fått nokon negative tilbakemeldingar frå politiet, og sit igjen med ei god kjensle etter at festivalen nå er vel gjennomført.

Alice Cooper på laurdag var jo berre det råaste eg nokon gong har sett, kjem det frå Christophersen.