Syklar gjennom bygdene

Dette bilder er tatt torsdag ettermiddag, og det er Veronica Jacobsen som sit øverst på […]

Dette bilder er tatt torsdag ettermiddag, og det er Veronica Jacobsen som sit øverst på skiltet. Foto: Privat


Veronica Jacobsen frå Ølen har saman med kammeraten, Sigmund Pettersen, sykla nærmare 250 mil. Måndag 15. juni var dei på flyet på veg opp mot Nordkapp, og sidan den tid har dei sykla fleire mil til dagen for å nå Lindesnes.

Torsdag la dei om ruta litt,og kom til Odda, der dei overnatta.
— Me er kanskje i Ølen i 4-5-tida i dag, opplyser Veronica Jacobsen på tekstmelding til Grannar.

Vidare skal dei sykla til Haugesund i kveld, og Jæren i morgon. 

— Kanskje me klarer Lindesnes på søndag, skriv ølensjenta på SMS.

nett_50-09-sigmund  pettersen.jpg

Sigmund Pettersen er på god veg til å nå målet med å sykle frå Nordkapp til Lindesnes.