Vikedal Roots godt i gong
— Me er godt nøgd med frammøtet, seier festivalsjef Kurt Inge Nybru. Festivalen starta opp […]
— Me er godt nøgd med frammøtet, seier festivalsjef Kurt Inge Nybru. Festivalen starta opp i går med Vestlandsfanden som trekkplaster, og bandet med Reidar Brendeland i spissen leverte ein god konsert, ifølgje Nybru.
I kveld er det Mira Craig og britiske The Wombats som blir høgdepunktet, og alt det praktiske rundt festivalen går på skinner.
Annonse
— Me har ikkje fått nokon negative tilbakemeldingar, og folk ser ut til å kose seg, fortel festivalsjefen på telefon frå Vikedal.
Fram til søndag kan ein mellom anna få oppleve Vamp, britiske The Levellers og dei lokale heltane i Packers.
Grannar følgjer Vikedal Roots Music Festival. Følg med på våre nettsider, og sjå meir i papiravisa neste torsdag.