Yrande folkeliv

Med nesten 30 varmegrader og ei steikande sol er stemninga på Bluesfestivalen i Skånevik strålande. […]

Med nesten 30 varmegrader og ei steikande sol er stemninga på Bluesfestivalen i Skånevik strålande. På campingplassen sitt det lettkledde festivaldeltakarar og slikkar sol. Eit hjørna av campingplassen er okkupert av ein humørfyllt gjeng frå Voss som verkeleg sett pris på det gode vêret i bluesbygda.

— Me har vore på konsertar nesten heile tida, og dette er berre heilt fantastisk, seier Knut Yngve Dugstad til Grannar.

nett_img_5838.jpg

Båthamna er fullt opp med båtar der folk ligg og nyt vêret. Det er heilt klart at Skånevik er velsigna med eit fantastisk vêr som bidrar til bra stemning i folkehavet som har teke over bygda denne helga.

Les meir i torsdagens papirutgåve av Grannar.