2.000 såg Kaizers

Omlag 2.000 møte opp for å få med seg den store opningskonserten på Etnemarknaden i […]

Publisert Sist oppdatert

Omlag 2.000 møte opp for å få med seg den store opningskonserten på Etnemarknaden i går.
— Me hadde kapasitet til å ta meir, men me må sei oss svært nøgde med det, seier marknadssekretær, Vidar Lund.

I nydeleg sommarvèr haldt Kaizers varmen i oljefata i omlag to timar, og stemninga var på topp.
— Til å vera eit alkoholfritt arrangement på ein torsdag var det heilt fantastisk. Publikum var i kjempestemning, og bandet var i hundre etter konserten, både på gunn av publikummarar og gjennomføringa, seier Lund.

Han er også godt nøgd med publikumstalet på marknadsområdet i går. Tala er førebels ikkje heilt klare, men Lund seier deti har tatt inn besøkstala frå i fjor. På opningsdagen for eit år sidan var det omlag 5.000 innbetalande.

I kveld går Odd Nordstoga og BigBang på scena ved meieriet i Etne sentrum.

Alle foto: Ivar Teigland.

Powered by Labrador CMS