2.000 såg Kaizers

Omlag 2.000 møte opp for å få med seg den store opningskonserten på Etnemarknaden i […]

Omlag 2.000 møte opp for å få med seg den store opningskonserten på Etnemarknaden i går.
— Me hadde kapasitet til å ta meir, men me må sei oss svært nøgde med det, seier marknadssekretær, Vidar Lund.

I nydeleg sommarvèr haldt Kaizers varmen i oljefata i omlag to timar, og stemninga var på topp.
—  Til å vera eit alkoholfritt arrangement på ein torsdag var det heilt fantastisk.  Publikum var i kjempestemning, og bandet var i hundre etter konserten, både på gunn av publikummarar og gjennomføringa, seier Lund.

nett_kaizers_nett.jpg

Han er også godt nøgd med publikumstalet på marknadsområdet i går. Tala er førebels ikkje heilt klare, men Lund seier deti har tatt inn besøkstala frå i fjor. På opningsdagen for eit år sidan var det omlag 5.000 innbetalande.

I kveld går Odd Nordstoga og BigBang på scena ved meieriet  i Etne sentrum.

nett_kaizers_nett4.jpg

Alle foto: Ivar Teigland.