Brann på Eikemo

Omlag klokka 19.30 fekk brannvesenet i Etne melding om brann i ei løe på Eikemo. […]

Omlag klokka 19.30 fekk brannvesenet i Etne melding om brann i ei løe på Eikemo.

Brannmannskap rykka ut til staden, og til løa som låg i enden av vegen på Eikemo. Det blei også gjort tiltak for å få hjelp frå helikopter, noko som blei stansa då det snart viste seg at løa var overtent, og det var ikkje føremålstenleg med meir hjelp i sløkkjearbeidet. Ingen blei skadde i brannen.

— Klokka 20.20 fekkk me melding om at løa var nedbrent, og og brannmannskap dreiv etterslukking. Det skal ikkje vera skader på andre bygningar, seier operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland Politidistrikt, Terje Tonning.

Årsaka til brannen er førebels ukjend, men like før brannen var det mykje lyn og torden i området. Politiet tek til med etterforskinga fredag.