Byggjestart med silosvev

Kari Aakra Etne Bygdemølle AS førebur seg på oppgradering og utviding. På onsdag blei det […]

Kari Aakra

Etne Bygdemølle AS førebur seg på oppgradering og utviding. På onsdag blei det gjort første krafttak for å gi plass til nye tankar og utvida produksjonsbygg. To siloar skulle flyttast, og eit elleve tonn tungt silosvev over staden signaliserte oppstart for nybygginga.
— To av siloane må flyttast for å gjera plass til nye tankar og nytt produksjonsutstyr. Me reknar med å ha alt det nye på plass i løpet av hausten, seier dagleg leiar Kjersti Granmo Nerheim.

Oppgradering
For å auka kapasiteten ved Etne Bygdemølle vil det koma nytt utstyr i oktober. Allereie i februar blei noko av inventaret bytt ut, og «mølla» er klar for ytterlegare oppgradering.
— Til nå har me nærma oss maks av det me kan klara med det gamle utstyret. Mykje ved drifta skal oppgraderast, og allereie har me auka kapasiteten etter at me fekk nytt utstyr som del av prosesslinja,  seier Nerheim.
Med ommøbleringa av siloane på onsdag, og oppstart av nybygginga tar Etne bygdemølle nytt steg  mot eit større oppgradering. Nytt bygg og nye siloar skal auka kapasiteten og utvida sortimentet med fleire typar kraftfòr i tillegg til ei generell oppdatering av det 15 år gamle anlegget. Sidan vil det også koma nytt styringssystem ved mølla og tankar om endå ei  utvikling er i gang. I fjor produserte Etne Bygdemølle 13.000 tonn  kraftfòr, ei auke på 8 prosent i volum i forhold til 2007, fortel Nerheim.  
— Det er framleis på planleggingsnivå, men me tenkjer også på ei utvikling med meir ferdigvare. Det vil vera eit naturleg neste trinn,  seier Nerheim.