Førebudde på influensa

Kari Aakra Fem personar i Vindafjord har truleg fått influensa A, den såkalla svineinfluensa. Nokre […]

Kari Aakra

Fem personar i Vindafjord har truleg fått influensa A, den såkalla svineinfluensa. Nokre av dei fem hadde vore på reis i utlandet, medan andre hadde vore i kontakt med personar som hadde vore utanlands. Viruset hjå alle fem kom same smittevegen, seier fungerande kommunelege i Vindafjord, Michael Schou.  
— Me har fem personar som har dei kliniske symptoma på svineinfluensa, men det er enno ikkje påvist eller verifisert av prøvar. Det er likevel ikkje alvorleg for nokon av dei, seier Schou.

Ikkje vaksine
Folk har vore hyppige på telefonen med bekymringsspørsmål til legekontoret i Isvik, fortel Schou. Han vil gjere minna folk om at viruset i storparten av tilfella ikkje vil vera verre enn ei vanleg influensa. På legekontoret hans i Isvik i Skjold har dei merka pågangen av folk som er bekymra grunna symptom og som ønskjer vaksine.
— Folk har vore flinke til å ta kontakt. Det har vore stor pågang over telefon, og ein god del har også møtt opp med bekymringar. Mange trur gjerne dei får vaksine, men det er ei misforståing. I beste tilfelle vil ikkje vaksinen vera tilgjengeleg før i slutten av september, understrekar Schou, som også ber folk ta ein telefon i staden for å møta opp utan avtale dersom dei mistenkjer symptom.
Han meiner nok at skrekkoppslag i media kan ha skremt mange, og oftast utan grunn.
— For folk flest vil dette viruset  berre råka som ei mild influensa som går over etter nokre dagar. Men det er for dei som har ein alvorleg grunnsjukdom som diabetes, eller hjarte- og karsjukdomar at det vera farlegare.

Beredskap
Schou seier likevel det er fornuftig å ta kontakt om nokre av symptoma skulle dukka opp. Han reknar ikkje med at distriktet her vil sleppa billegare unna enn andre stader, og i Vindafjord er tiltaksplanane under arbeid,  dersom viruset skulle bryta ut for alvor.
Rådmann Kristian Birkeland i Vindafjord kommune seier det blir jobba  med beredskap både for virustiltak og løysingar på eit eventuelt stor sjukefråvær som følgje av storsmitte.
— Det finnest ein pandemiplan, men me arbeider ut eit meir detaljert planverk for korleis me skal ta høgde for sjukefråværet i kommunen i tillegg til helsetiltak for innbyggjarane, seier rådmann Kristian Birkeland i Vindafjord Kommune. 
Han seier planverket skal kartleggja korleis ein kan løysa eit sjukefråvær på opptil 40 prosent i kommunen.
— Det er mange detaljar som må på plass, og fleire deler av verksemda i kommunen kan klara seg med fråværet. me arbeider først og fremst med korleis me skal handtera fråvær som kan råka helse-, pleie-, og omsorgssektoren og skulane.