Den svært etterlengta gang- og sykkelvegen på riksveg 46 i Sandeid fekk som hell i uhell økonomisk klarsignal med pengane frå krisepakken, etter mange mislukka forsøk. Og då første gravetak blei tatt på tysdag var det ikkje kven som helst som sat bak spakane i gravemaskinen. Statssekretær og Senterpartiet sin 2. kandidat på rogalandslista, Geir Pollestad sørga for det første jafset på gravearbeidet, under overvaking av ordførar i Vindafjord, Arne Bergsvåg.
— Då Navarsete løyva pengar til gang- og sykkelvegen i Skjold, fekk strekninga kallenammnet Liv Signes allè. Dette får vel bli Pollestad terrasse då, ler Bergsvåg.
Endeleg
30 born vil få tryggare skuleveg med gang- og sykkelsti innan jul, medan heile prosjektet med ferdig grøntareal vil vera klart 1.april.
Vegnabo Erik Grønnestad har lenge skuva på for å få fortgang i prosjektet. Skepsisen til veglovnadane var til stades heilt til finanskrisa slo inn, og sju millionar kroner av krisepakke-pengane blei øyremerkte Sandeid.
— Det har jo vore snakk om dette så lenge, og kommunen skulle på eit tidspunkt forskottera, men så fall også det igjennom. Men då krisepengane kom, var eg sikker på at det ville løysa seg. Nå får i alle fall nokre av barnebarna mine nyta godt av gang- og sykkelvegen, seier Erik Grønnestad.
Veg-vanskar
I byrjinga av september vil arbeidet koma i gang for alvor, og ei av fleire ønska vegopprustingar vil med det vera i gang. Bergsvåg innrømmer også at det var med andre baktankar at Pollestad blei inviterte til oppstarten.
— Nå fekk han ta seg ein tur rundt Ilsvåg og fekk sjå vegstandaren her og, fortel Bergsvåg.
Og utfordringane med vegløyvingar til riksvegar er ei kjend sak for statssekretæren.
— Det er klart at eg ser det er så mange andre strekningar enn stamvegane som har sårt behov for pengar. Men i Oslo er det vanskeleg å få gjennomslag for oppgraderingar på riksvegar, seier Pollestad.
Stortingsplass
Om valet går i raudgrøn leid til hausten, er det spekulert i om kabalen vil leggja opp til ein plass for Bergsvåg på Stortinget. Pollestad si rolle kan avgjera dette, men om han vil halda fram som statssekretær eller sitja på Stortinget vil han ikkje ta noko klart standpunkt til.
— Nå må me først og fremst konsentrera oss om å gjera eit godt val. Terskelen for å halda fram som statssekretær er høg. Og om me ikkje klarar å få inn to representantar på Stortinget får me gjerne inn halvannan. Dessutan vil ein varaplass vera svært viktig om me får Meltveit Kleppa i regjering igjen, svarer Pollestad, noko kryptisk.