Åse Hjelmervik
Ølen starta friskast av dei to, og allereie etter fire minuttar kunne Tore Christiansen sette inn 0 – 1 bak etnemålvakt Knut Frøland.
Dette var den einaste leiinga Ølen hadde i kampen, og det såg ut som dette var kalddusjen heimelaget trengte for å starte maskineriet. Eivind Aastvedt hjå Etne hadde først ein stor sjanse der han skaut rett over krysset, før han etter mykje klabb og babb i feltet fekk krangla inn 1–1. Etter dette dabba det litt av hjå begge lag, og det var ikkje før i slutten av omgangen spelarane vakna til att. Når det sto fem minuttar igjen av omgangen jubla heimelaget for skåring, men den var ifølgje dommar frå Torvestad ikkje inne.
Like etter fekk Ølen ein stor sjanse etter ein forsvarstabbe av Lars Kristian Aastvedt som førte til at Tore Christiansen kom åleine med etnemålvakta. Dessverre for Ølen sette han ballen utanfor. Like før pause gjekk heimelaget opp i leiinga 2–1 ved ein jublande Kenneth Krokå.
Etne var sterkast
Trass i for sjansar hjå begge lag i starten av andre omgang, ville ikkje ballen i nettmaskene før det vart frispark til Ølen om lag 20 meter frå mål.
Til stor jubel frå dei tilreisande bortelagssupportarane klarte ingen å stanse Erik Reistad sitt skot, noko som gjorde at det igjen sto likt på skåringslista. Det var tydeleg at dette var noko som tende begge lag, og det bar preg av at det var eit lokaloppgjer med til tider amper stemning. Etter kvart vart det tydeleg at heimelaget var det sterkaste laget, og etter at Eivind Aastvedt gjorde sitt andre mål for dagen med å chippe ballen over ølenmålvakt Erik Christiansen, var det stort sett bare Etne kampen handla om. Kenneth Krokå fekk òg skrive seg på skåringslista for andre gong, før Sindre Tjelmeland avslutta skåringsballet med å gå gjennom heile Ølenforsvaret og chippa ballen over målvakt Christiansen i ølenburet.
Einige trenarar
Assistenttrenar på Ølen, Magne Skålnes, konkluderte med at heimelaget var hakket betre i lokaloppgjeret denne gongen.
— Etne bar preg av å vere betre trent enn oss, utover i kampen vart det lettare for dei å få til angrep, me står ikkje lenger imot. Det var eit fortent tap. Likevel vil eg seie at me var farlige på dødball, og det var positivt at me tok leiinga, fortel Magne Skålnes, som er sikker på at Ølen kjem til å spele jamt med dei fleste laga i serien no i haust.
Etnetrenar Vidar Aastvedt var svært nøgd med sigeren.
— Kjempenøgd. Etne leverte ein flott kamp, sjølv om Ølen gjekk opp i leiinga. Etter det målet følte eg det gjekk vår veg, fortel etnetrenaren, som trur mykje av utfallet til haustsesongen vert avgjort allereie neste helg i Sauda.