Funn i stjerneklassen

Arne Frøkedal Viraken blei stor etter at Terje Håheim sundag observerte ein aftenfalk i Osvåg, […]

Arne Frøkedal

Viraken blei stor etter at Terje Håheim sundag observerte ein aftenfalk i Osvåg, like vest for Etne. SMS-alarmen gjekk blant dei mest ihuga fugleinteresserte, og plutseleg stod det eit dusin tilreisande med kamera og kikkert i området for å studera den sjeldne gjesten.
— Det dreier seg om to til tre dokumenterte funn årleg av denne fuglen i Noreg, seier Jan Kåre Ness, som tok turen frå Haugesund for å få med seg høgdepunktet.

— Flaks
Terje Håheim er ein av få i Etne som har som hobby å fylgja med på fuglelivet. Han var på tur til Osvåg på Sørstranda då han observerte noko uvanleg. Fuglen sat på ei kraftlinje som går over ein bø mellom E134 og fjorden.
— Dette var berre flaks. Sjølv har eg aldri sett aftenfalk før. Først trudde eg det var ein gauk, men med kikkert konstaterte eg at det var ein type falk, seier Håheim til Grannar.
Sidan dette var ein ungfugl blei han litt i stuss. Ein vaksen aftenfalk ville vore lett å kjenna igjen, meiner Håheim.
Han la ut funnet med bilde på nettet, og ein eller annan i miljøet meldte vidare slik at dei mest ivrige fekk SMS-alarm. Dagen etter dukka det opp fleire tilreisande frå Stavanger, blant anna Morten Kersbergen, som med over 400 artar i CV-en, er den i Noreg som toppar lista over flest dokumenterte funn.
Også ein kar frå Oslo måtte få med seg godbiten, på veg heim etter fugleekspedisjon på Utsira.

Cropped

Aftenfalk fotografert i Osvåg er rangert som ein av dei sjeldnaste fuglane som kan dukka opp i Noreg.
Foto: Terje  Håheim

Andre gong
Aftenfalk har austre del av Balkan og Ungarn som det mest vanlege hekkeområdet. Ungfuglen i Etne bar ringmerke på båe beina, slik at det vil vera mogeleg å finna ut meir om reisa til Vestlandet og kor den kjem frå. Dei førebelse kommentarane på nettet tyder på at det er ein ungarsk fugl.
Jan Kåre Ness er blant dei mest erfarne hobbyornitologane i regionen. Han såg aftenfalk på Frønsdal i Vindafjord for tre år sidan, og trur dette er den andre sikre observasjonen på Haugalandet.
— Den er ikkje sett verken i Haugesund, Karmøy eller andre stader langs kysten vår, der dei mest sjeldne fuglane dukkar opp, fortel Ness, som rangerer funnet svært høgt.
Aftenfalken er ein liten rovfugl som lever hovudsakleg av insekt. Ifylgje Wipikedia har den blitt observert seks til sju gonger i Noreg dei  siste 40 åra. Den kan minna litt om ein tårnfalk, og det må eit røynd auge til for å fastslå eksakt art. Det er difor ikkje umogeleg at fuglen kan ha vitja dei indre bygdene på Haugalandet tidlegare.

I flokk
Det er ikkje uvanleg at det vesle fugleinteresserte miljøet i Noreg opptrer i flokk. Via nettet og andre kommunikasjonsmiddel har dei god oversikt over sjeldne observasjonar, og er rakst på pletten når interessante objekt dukkar opp.
Jan Kåre Ness har denne historia frå i sommar.
— Det blei meldt om raudfalk på Lista, noko eg aldri har sett. Lokalavisa slo opp saka, og eg kasta meg i bilen og køyrde til Sørlandet. Men observasjonen viste seg å vera feil, og at det dreidde seg om ein tårnfalk.