Kanonskyting av Sondre

Sondre Tesdal Galtung har fått ein eventyrleg start på LS 2009 i Evje. 30 av […]

Sondre Tesdal Galtung har fått ein eventyrleg start på LS 2009 i Evje. 30 av 30 oppnåelege på feltrunden gjer at 17-åringen vert å sjå i finalen på fredag. Foto: Vidar Alfarnes

Vidar Alfarnes

Han kjem frå ein skyteglad familie, og har mange gode resultat å visa til. Men det spørst likevel om ikkje gårsdagens feltrunde under Landsskyttarstemnet i Evje toppar alt.
— Eg visste jo at eg kunne klara fullt hus, men det er jo ikkje alltid det går som ein håpar. Særskilt ikkje på landstemner. No har eg fått ein veldig god start på veka, og då kan det bli mykje moro i dagane som kjem, smilte 17-åringen frå Auastad i Etne. Dagen før hadde han sett broren Kristoffer (13) skyta 242 poeng på baneskytinga.
— Berre to poeng bak rekorden, så det seier eg meg godt nøgd med, kjem det frå tredjemann i guteflokken.

Eitt år att
— Eg gler meg til Elverum neste sommar. Då skal eg også få vera med, røper Ivar (10).
Han er yngstemann i gjengen, og altså for ung til å skyta på Evjemoen. Men treningsgrunnlaget er allereie godt, og til liks med resten av familien ser han fram til at det nye skyteanlegget på Fikse står klart.
 Anders Tesdal Galtung (15) har også forsynt seg grovt med premiar på tidlegare stemner, og håpar på nye under LS 2009 på Evje. Han startar med baneskytinga si grytidleg måndag. Då må familien ekstra tidleg opp. Dei bur nemleg i eit husvære om lag fire mil frå skytearenaen, som absolutt ikkje var etter planen.

Negativ oppleving
— Det er åtte månader sidan me tinga ein plass å bu, omtrent midt i Evje sentrum. Depositum var innbetalt, og me hadde også teke kontakt fleire gonger for å sikra oss at alt var i orden. Det har det vore, heilt til me parkerte utanfor huset laurdag. Då viste det seg at nokon andre budde der, og me måtte fint ta til takke med eit anna alternativ. Fire mil unna! Det var ikkje nett den starten me hadde håpa på. Men etter skytinga til Sondre i dag, kjem nok heimturen til å gå mykje lettare enn i går, trøystar mamma Borghild Galtung seg med.
Kona skyt også
— Eg er berre listefyll. Har ikkje ambisjonar, og det er eitt år sidan sist eg gjekk ein feltrunde. Denne gongen er heller ikkje ungane med. Interessa har dabba av. Det er litt trasig. Heldigvis er kona med og skyt, seier Arne Nervik. Saman med Arild Sigve Tesdal står han på for at dei unge medlemmene i Etne skyttarlag skal få gode opplevingar med skytesporten.
— Landsstemnene prøver eg å få med meg. Denne gongen bur Elisabeth og eg oppe i Byglandsfjord, saman med to skyttarar frå Odda. Det er heilt topp, meiner 52-åringen, rett før feltløypa står for tur. Den skal han gå saman med klubbkamerat Anders Hundseid.

Over 400 meter
— Det blir debuten min på grovfelt, seier 17-åringen, som har gått to år på toppidrettsgymnaset på Lillehammer, og skal avslutta som skyte-russ på Kongsvinger.
— På skulen har det vorte mest miniatyr- og luftskyting. Nokre internasjonale oppgåver har eg også fått med meg. Sist på eit stemne i Nederland. Det går betre og betre, og eg har visse forhåpningar til feltrunden, røpar «skyteveteranen» på 17.
— Det lengste haldet på feltløypa er 417 meter unna. Då skal ein helst ha fine avtrekk. Alt over 25 er meir enn godkjent, meiner det faderlege opphavet, klasse 5-skyttaren Johannes Hundseid.