Krasja med gassflasker

Like etter klokka 02.00 blei det meldt om ein personbil som hadde køyrd inn i […]

Like etter klokka 02.00 blei det meldt om ein personbil som hadde køyrd inn i ein pall med gassflasker på eit industriområde i Etne. Både politi og brannvesen rykka ut.

Ein av flaskene hadde eksplodert, men politiet trur ikkje nokon blei skadde i hendinga, og i følgje brannvesenet skal ikkje gassflaskene ha utgjort noko fare.

Bilføraren stakk frå staden, men blei funnen. Han har ikkje innrømt at han køyrde bilen, men har i følgje politiet hatt ein finger med i spelet. Vedkommande blir framstilt for blodprøve.