Lita auke i arbeidsløysa

Kari Aakra 6.692 personar var heilt arbeidsledige i Hordaland ved utgangen av august, dette tilsvarer […]

Kari Aakra

6.692 personar var heilt arbeidsledige i Hordaland ved utgangen av august, dette tilsvarer 2,6 prosent av arbeidsstyrken, ei nedgang på 0,1 prosent frå førre månad.  Nedgongen i talet skuldast i følgje Nav at fleire deltok i arbeidsmarknadstiltak i august. 1.033 arbeidssøkjarar deltok i arbeidsmarknadstiltak denne månaden. Det er 300 fleire enn førre månad.

Færre blir også permitterte. Talet på permisjonar har gått jamnt nedover sidan toppen i april, då det var til saman 1.754 personar permitterte, mot 1.362 i august .

Månadstala frå Nav viser ein meir positiv tendens enn frykta, men at det likevel kan snu.  
— Tala stadfestar at arbeidsløysa ikkje auka så sterkt som prognosane tidlegare i år tilsa. Men lågkonjunkturen er ikkje over enno.  Me har fått signal frå industrien, særskilt i Sunnhordland, som tyder på at arbeidsløysa vil auka, seier fylkesdirektør i Nav Hordaland, Anne Kverneland Bogsnes.

Den høgste arbeidsløysa i fylket er i og rundt Bergen, medan kommunar i Nordhordland, Sunnhordland og Hardanger har lågast arbeidsløyse. I Etne kommune var det i august månad 25 personar arbeidsledige, desse utgjorde 1,2 prosent av arbeidsstyrken. Etne er blant Hordaland-kommunane med minst arbeidsløyse.

I Rogaland fylke var det i august månad færre permittering, og ei svært lita auke i arbeidsløysa.  Det er nå 5.033 personar registrerte som heilt ledige i Rogaland, dei utgjer 2,2 prosent av arbeidsstyrken i fylket.  Dette er ei auke på tretten personar frå juli månad, og særskilt er det folk under 30 år som nå melder seg som arbeidssøkjande.

Også i Rogaland er færre menneske permitterte i august månad. 550 er heilt permitterte, i nord-fylket er det størst nedgang i talet på permitteringar. Her er det 82 personar lågare enn førre månad.

I Vindafjord kommune er talet på arbeidsledige 43, noko som tilsvarar 1,0 prosent av arbeidsstyrken. Det er 11 fleire enn i fjor på same tid.
Vindafjord er også ein av rogalandskommunane med lågast arbeidsløyse.