Litt uvanleg skulestart

Jon Edvardsen Det blir dermed ein litt uvanleg skulestart for dei to motorsportsinteresserte ungdommane frå […]

Jon Edvardsen

Det blir dermed ein litt uvanleg skulestart for dei to motorsportsinteresserte ungdommane frå Vikedal. Sveinung Holten Leifsen køyrer bilcross og Daniel Holten deltar i rallycross, og begge mekkar bil med stort engasjement.
I vinter bygde dei opp Daniel Holten sin konkurransebil frå grunnen av, ein Golf av den gamle typen, men med litt meir enn vanleg å brumme med under panseret.
Dei to ungdommane ser difor på utdanning til motorsportmekanikar på Stjerneskolan i Torsby som eit spennande alternativ. Sveinung startar på grunnkurset og Daniel har fått plass på andreåret etter å ha tatt mekanikarfag ved Ølen vidaregåande skule.
Det blir starten på tre og to år i Torsby for dei to.

På internat
— På denne linja få vi kombinere hobby og utdanning. Det er ikkje noko tilsvarande alternativ her i landet, seier Daniel Holten.
Begge er spente før avreise til den svenske småbyen som ligg ein god times reise frå grensa i Kongsvinger-traktene. Stjerneskolan har 800 ungdomselevar og 100 vaksne elevar. Skulen har mange linjer med sport og idrett, blant anna ski, ishockey og fotball.
Dei to frå Vikedal får selskap av rundt 50 andre nordmenn som er elevar der.
— Det er langt heimanfrå, men vi kan reise heim i feriane. Vi skal bu på internat og får både frukost og middag, og det gjer det lettare. Litt heimlengsel kan det vel bli, fortel yngstemann.
— Vi var heldige som kom inn. På mi linje var det 26 søkjarar til 6 plassar, seier Daniel Holten.

Starta tidleg

Motorsport og bilmekanikk er nesten ein del av genane til dei to som har fedrar, søsken og søskenbarn som driv med ein eller begge delar.
— Interessa for bil og motorsport starta tidleg. Det har vore bil så lenge eg kan hugse, fortel Sveinung Holten Leifsen.
Ideen om å reise til Sverige planla dei saman. Framtidsplanane er ikkje så konkrete enno, men at det skal handle om bil, er sikkert som banken.
— Det blir neppe aktuelt å leve av å vere motorsportmekanikar her i Noreg, og det blir nok mest jobb med vanleg bil når vi er ferdige. Men det kjem til nytte når vi skal køyre motorsport, seier Daniel Holten.
Med på kjøpet på skulen i Sverige får dei opplæring til førarkort, og dermed nesten gratis sertifikat.

Lære svensk
— Det blir ikkje spesielt dyrt å gå på skule i Sverige. Det er faktisk enklare søkje om plass i vidaregåande skule i utlandet enn i eit anna fylke her i landet, seier Daniel.
Ei utfordring er at alt morsmål i Torsby blir svensk, men det trur dei skal gå bra.
— Vi har lese ein del svenske motorblad for å øve oss. Trur ikkje det er så vanskeleg for oss som har nynorsk til vanleg, seier Sveinung Holten Leifsen.
No gleder dei seg til skulestart på torsdag på den andre sida av svenskegrensa.