Nesten full sprekk

Korleis eit topplag i divisjonen kan gå frå fire mål i overtak til nesten å […]

Korleis eit topplag i divisjonen kan gå frå fire mål i overtak til nesten å miste alle poenga, er den store utfordringa for trenar Vidar Aastvedt. Det har han heller ikkje noko godt svar på.
Ein imponerande sluttspurt av Martin Fosse, hindra ein skikkeleg nedtur for heimelaget. Fosse kjempa som ei løve på midtbanen, og dribla seg på tampen gjennom heile forsvaret  til Skudenes og sette punktum for kampen. På det tidspunktet hadde resten av dei grønkledde bein av bly i striregnet.

Kampfakta
Etne –Skudenes 5-4 (4-2)

Etne stadion, laurdag
5.divisjon herrar
10. min. 1-0 Ronny Moe
19. min. 2-0 John Inge Birkenes
32. min 3-0 Martin Fosse
37. min 4-0 Martin Fosse
42. min 4-1
45. min 4-2
69. min 4-3
75. min 4-4
91. min 5-4 Martin Fosse
Gule kort: Skudenes 2, Bjørnar Grindheim, Etne, John Inge Birkenes, Etne
Raudt kort: Bjørnar Grindheim, Etne
Dommar: Per Arnstein Aarvik, Haugesund
Tilskodarar: Ca 35